Kontinuerlig kundeinnsikt
Kontinuerleg kundeinnsikt handlar om å etablere faste rutinar og vanar for brukarinvolvering som ein integrert del av arbeidsprosessen.
I motsetning til tradisjonell brukarinnsikt, som ofte består av store, isolerte prosjekt, handlar kontinuerleg brukarinnsikt om hyppige, mindre aktivitetar som blir ein naturleg del av arbeidsflyten.
"Det magiske skjer når team ser brukarar saman. Dette bygger felles forståing og empati som ikkje kan oppnåast ved å lese rapportar eller sjå opptak i ettertid."
— Teresa Torres, produktutviklingsekspert
Inspirert av Teresa Torres sitt rammeverk for Continuous Discovery, kombinerer tilnærminga vår kvantitativ og kvalitativ innsikt i eit heilskapleg system.
Tre komplementære innsiktsmetodar
For å skape ein robust innsiktsprosess, kombinerer vi tre ulike metodar:
1. Kvantitativ måling med toppoppgaver
Toppoppgåvemåling og gjennomføringsgrad gir oss dei harde fakta:
Kva er viktigast? Måling av toppoppgåver viser kva brukarane faktisk kjem for å gjere
Kor godt fungerer det? Gjennomføringsgrad viser kor mange som lukkast med oppgåvene
Korleis utviklar det seg? Kontinuerleg måling viser effekten av endringar over tid
Punktmåling Målretta undersøkingar etter viktige interaksjonar (f.eks. etter skjemainnsending)
Med verktøy som Skyra kan vi etablere eit solid datagrunnlag for prioriteringar og avgjerder.
2. Kvalitativ forståing intervju/brukartesting
For å forstå kvifor brukarane oppfører seg som dei gjer, treng vi kvalitative metodar:
Umodererte testar: Enkle, automatiserte brukartestar gir effektiv innsikt i faktisk åtferd
Modererte brukartestar: Djupare innsikt gjennom direkte interaksjon med brukarar
Kundeintervju: Utforsking av behov og motivasjonar bak åtferda
Med verktøy som Testflow kan vi enkelt gjennomføre brukartestar som gir djupneforståing av kvifor brukarar lukkast eller feilar.
3. Innsiktskultur i organisasjonen
For at brukarinnsikt skal ha verdi, må den bli ein integrert del av organisasjonskulturen:
Tverrfagleg deltaking: Heile teamet ser brukarane saman
Empati og forståing: Direkte brukarobservasjon bygger ekte empati med brukarane
Faste rutinar: Vekentlege innsiktsøkter blir ein naturleg del av arbeidsflyten
Kort veg frå innsikt til handling: Konkrete tiltak basert på innsikter
Dokumentasjon og deling: Innsikt blir spreidd i heile organisasjonen
Vanlige utfordringar og løysingar
Sjølv om kontinuerleg brukarinnsikt er enkelt i teorien, finst det nokre praktiske utfordringar:
"Vi har ikkje tid"
Løysing: Det handlar om prioritering. Book fast tid i kalenderen og gjer den til "heilag tid" som ikkje kan flyttast.
"Vi får ikkje med oss teamet"
Løysing: “Show, don’t tell” – observasjon gir empati. Gå raskt frå innsikt til analyse til handling. Mål resultater over tid.
"Vi får ikkje tak i brukarar"
Løysing: Bruk verktøy som Skyra og UXSignals for enkel rekruttering i brukarflyten, bygg ein testbrukardatabase over tid.
"Vi får rekruttert, men folk stiller ikkje opp"
Løysing: Bruk smarte screening-spørsmål i rekrutteringsflyten, send påminning til riktig tid, og ha umodererte testar i reserve.
(Dette var forøvrig poenga i innlegget vårt på Yggdrasil i år)
Slik gjer du det
Å etablere kontinuerleg brukarinnsikt er ikkje komplisert, men det krev ein systematisk tilnærming:
1. Enkle, faste format
Nøkkelen til kontinuerleg brukarinnsikt er enkle, repeterbare format:
Vekentlege økter: 60-minutt økter der teamet interagerer med brukarar saman
Fast agenda: Effektiv struktur for gjennomføring og diskusjon
Alternerande format: Veksling mellom umoderert testing, moderert testing og intervju
Enkel dokumentasjon: Enkel loggføring av innsikter og tiltak
2. Riktige verktøy og infrastruktur
Med dei rette verktøya blir prosessen enklare og meir effektiv:
Skyra for punkt- og toppoppgåvemåling
Testflow for umoderert brukartesting
UX Signals for rekruttering og modererte intervju
Breyta for KI-driven analyse
Andre verktøy etter behov
3. Heile teamet involvert
Kontinuerleg brukarinnsikt fungerer best når heile teamet er involvert:
Tverrfagleg deltaking: Produkteigarar, designarar, utviklarar og nøkkelpersonar etter behov
Rullering av roller: Enkle oppgåver som ulike teammedlemmar tar ansvar for etter tur
Felles eigarskap: Alle kjenner eigarskap til brukarinnsikta
Inkludering av leiing: Beslutningstakarar deltar jamleg for å forstå brukarane sine behov
4. Kopling til strategi og prioriteringar
For at innsikta skal få praktisk verdi, må den koplast til strategi og prioriteringar:
Innsiktsbank: Systematisk lagring og kategorisering av innsikter
Hypotesedriven utvikling: Utforming og testing av hypotesar basert på innsikt
OKR-kopling: Brukarinnsikt som del av mål og nøkkelresultat
Strategiske prioriteringar: Bruk av innsikt til å forme strategiske retningar
-
Eit produktteam i ein finansinstitusjon slit med å prioritere funksjonalitet og forbetre brukaropplevinga. Dei gjennomfører sporadiske brukartestar med lengre mellomrom, men innsikta blei sjeldan omsett til praksis.
Ved å etablere vekentlege brukarøkter med heile teamet til stades kan dei oppå:
Raskare læring: Frå månedlege til vekentlege innsikter
Betre samarbeid: Produkteigar, designar og utviklarar får same forståing
Konkrete forbetringar: Identifisere problem, konkretisere tiltak, fordele ansvar
Høgare konvertering: Måle effekt før og etter tiltak
Kulturendring: Frå "vi trur" til "vi veit" i produktdiskusjonar
Kom raskt i gang
Vi i Innsiktspartner har spesialisert oss på å hjelpe organisasjonar med å etablere kontinuerleg brukarinnsikt, og kan tilby mellom anna:
Testshow (30.000 kr)
2-timars praktisk workshop
Opplæring i Testflow for brukartesting
"Show don't tell" - observere og diskutere faktisk brukaroppførsel
Innsamling og analyse av gullfunn
Plan for vidare testing
Ekspertevaluering med umoderert test (80.000 kr)
Kombinasjon av ekspertevaluering og brukartesting
Identifisering av viktige bruksproblem
Konkrete forbetringsforslag
Opplæring i metodikk
Kickstart med kjernemodellen (25.000 kr)
Ekstremt effektivt prioriterings- og kjerneverksted
2 timars digital workshop med teamet, fasilitert av Are
Raskt frå innsikt og strategi til eigarskap og handling
Perfekt for oppstart av nye aktivitetar
Kom i gang med kontinuerleg brukarinnsikt (150.000 kr)
3-månaders forløp
Etablering av faste rutinar
Implementering av verktøy
Opplæring av teamet
Tett oppfølging undervegs
Innsiktssparring (25.000 kr per månad)
Løpande støtte, rådgjeving og metodehjelp
Månadleg gjennomgang av funn
Støtte til å omsette innsikt til handling
Klar for å kome i gang?
Beskriv behovet ditt kort her – vi svarar kjapt!