Slik kjem du i gang med kontinuerleg brukarinnsikt

Å jobbe kontinuerleg med brukarinnsikt er ein draum for mange produktteam. Men ofte blir det med tanken. Det er for dyrt, det tar for mykje tid, brukarar er vanskelege å få tak i, og kanskje er ikkje teamet interessert nok.

Kjenner du deg igjen?

Men det finst enkle grep for å kome i gang. Her er tipsa som hjelper deg å gå frå intensjon til handling – og etablere ein vane som varer.

1. Tenk "smått, men ofte"

Gløym den store labtesten med rapport på 40 sider. Du treng ikkje bruke ei veke på éin test. Start heller med ein enkel umoderert test av ein prototype eller skjermflyt. Eitt spørsmål, éi oppgåve, éin brukar. Det er nok til å lære noko.

Verktøy: → Testflow

2. Test det som er viktig og vanskeleg

Kva er det brukarane dine må få til for å lukkast? Kva er det teamet er usikkert på? Toppoppgåveundersøkingar og anna innsikt kan hjelpe deg å finne dei sentrale brukaroppgåvene – og vurdere kor godt dei lukkast. Test desse oppgåvene, éi av gongen.

Verktøy: → Skyra

3. Automatiser rekrutteringa

Å finne riktige brukarar er ofte det som stoppar oss. Men det finst verktøy som kan hjelpe. Du kan rekruttere frå flyten i nettsidene dine, til dømes via ei kvitteringsside, og la verktøy ta seg av samtykke, screening og belønning.

4. Show, don't tell

Å overtyde teamet med rapportar og tal er vanskeleg. Men om du får dei til å sjå på ein ekte brukar slite i 5 minutt med noko dei har laga, skjer det noko. Det gir empati. Og det gir motivasjon for å løyse problem.

5. Lag ein rytme

Det viktigaste er ikkje metoden, men at det skjer. Book ei fast tid i kalenderen. Kvar onsdag, annankvar tysdag – finn ein rytme som passar. Om innsiktarbeid får ein fast plass i kalenderen, blir det ein del av kvardagen.

6. Del og delegér

Etter kvart som vanen sit, er det viktig å ikkje bli flaskehals. Del oppskrifta, gi andre verktøya, og hjelp teamet med å ta eigarskap til innsiktsarbeidet. Berre då blir innsiktsarbeid ein ekte team-praksis.

7. Frå innsikt til handling

Bruk mindre tid på rapport og meir tid på refleksjon. Lag ei enkel oppsummering i Miro eller FigJam, identifiser tiltak, og fiks det som er viktigast.

Å kome i gang med kontinuerleg brukarinnsikt handlar ikkje om å få alt perfekt frå start. Det handlar om å kome i gang. Test éin ting. Vis det til teamet. Bygg rytme. Då vil innsikta føre til betre avgjerder, betre produkt – og meir motiverte team.

Dette er ei oppsummering av ein presentasjon Are og eg gjorde til Yggdrasilkonferansen 2025

Kortversjon av presentasjonen (pdf)

Forrige
Forrige

Common sense in a complex world: Why some methods stand the test of time

Neste
Neste

Dette er strategisk innhaldsdesign