3 ting KI aldri kan erstatte i produktutvikling

Kunstig intelligens er fantastisk, men det vil alltid være ting som ingen teknologi kan hjelpe oss med.

KI + menneskeleg intelligens = Sant!

Som evig teknologi-entusiast og early adopter har eg brukt (kanskje litt i overkant :-) mykje tid på å teste ut “alt” som har kome av nye KI-verktøy i det siste.

Det er fantastisk teknologi, og det er lite tvil om at dette vil revolusjonere produktutvikling – også på måtar vi enno ikkje har sett eller forestilt oss.

Men etter nokre hundre timar med eksperimentering er konklusjonen min den same som hypotesen var i utgangspuntet:

Det vil alltid være visse ting ingen teknologi kan hjelpe oss med – heller ikkje KI.

1. KI kan ikkje erstatte testing med ekte brukarar

Eg har (bokstaveleg talt) gjennomført 1000 brukartestar i mitt liv, og eg sluttar aldri å bli overraska av kva som dukkar opp av ting vi aldri ville tenkt på.

Eg har sett folk som stirrar på skjermen og overser eit element vi tenkte var innlysande. Folk vi trudde var ekspertar, som likevel totalt misforstod konseptet.

Rett og slett problem vi aldri kunne forutsett utan å teste produktet på ekte mennesker i målgruppa i ein reell kontekst.

Vi har hatt den same utfordringa med metodar som heuristisk ekspertevaluering i alle år, og KI-analyser har nøyaktig det same problemet:

Både menneskelege ekspertar og KI-ekspertar har for mykje bakgrunnskunskap til å skjønne kva som egentlig skjer i møte mellom produktet og ekte mennesker.

Og eg er overbevist om at problemet er akkurat det same med brukartesting med “syntetiske” brukarar.

KI er fantastisk til analysere store datamengder og bistå i mange ledd i gjennomføring av kvalitativ brukarinnsikt som brukartesting og intervju.

Men kundane våre er ekte mennesker, og dei vil alltid finne på ting som hverken designarar eller KI kan forutsjå.

2. KI kan ikkje skape eigarskap og forankring i organisasjonen

Ein annan lærdom etter 25 år i bransjen er at verdas beste interaksjonsdesignar kan lage verdas beste brukaroppleving – til inga nytte.

Hvis ikkje leiinga og organisasjonen er med på tankegangen vil det likevel feile.

Eg har også levert glimrande strategiar basert på tung analyse og sett leiinga nikke begeistra, for så å oppleve at ingenting skjer.

Fordi nøkkelpersonar i organisasjonen ikkje hadde vært med på reisa, og fordi det alltid dukkar opp tekniske, juridiske og organisatoriske hindringar det er vanskeleg å forutsjå.

På akkurat same måte kan KI dei mest fantastiske design basert på teknologisk trolldom – som fortsatt vil feile like spektakulært.

KI kan nemlig ikkje erstatte godt fasiliterte interne prosessar som fangar opp både innspel og potensielle showstopparar, og som skapar forankring og eigarskap på tvers.

Og KI vil aldri kunne skape gode relasjonar på tvers av siloar og psykologisk tryggheit i tverrfaglege team.

3. KI kan ikkje ta det endelege ansvaret

Dei siste månadane har eg og Torstein Norendal utvikla ein strategi og eit konsept som vi meiner imøtekjem alle desse tre utfordringane (les meir om dette nedanfor).

Vi har testa ut både Claude, ChatGPT, Gemini, Grok og Deepseek i produktutviklinga (og forøvrig endt opp med Claude som ein klar favoritt).

KI har hjulpe oss med idégenering, marknadsanalyser, strategiutforming, tekstproduksjon og mykje meir.

Men det er vi som må peike ut retninga, bidra med vår erfaring og ta dei endelege strategiske valga.

KI er fantastisk, men kan ikkje ta dei endelege valga. Og KI kan gi fantastiske svar, men det er mennesker som må stille spørsmåla.

Det må alltid være “a human in the loop” som tar det endelege ansvaret.

Den optimale balansen: Menneske + KI

Eg er tilhengar av Aristoteles sin “gylne mellomveg”. KI er verken djevelen eller frelsaren, men ein nyttig verktøy vi må lære oss å beherske.

Den verkelege innovasjonen skjer i skjeringspunktet, der vi utnyttar det KI er genialt på, samtidig som vi anerkjenner og forsterkar det menneske er uerstattelige på.

Min konklusjon er at velluka produktutvikling krever:

  • Ekte brukarar – KI-analyse kombinert med direkte menneskeleg observasjon

  • Tverrfagleg forankring – Fasiliterte samarbeidsprosessar der eigarskap blir bygd på tvers av team

  • Menneskesentrert beslutningsprosess – KI som rådgjevar, menneske som tek endelege, verdibaserte avgjerder

Neste gong nokon spør deg om KI kan erstatte produktteamet ditt, så del gjerne desse tre punkta. KI er eit fantastisk verktøy, men berre når det blir brukt i samspel med det menneske gjer best.

Kva har dette med Innsiktspartner å gjere?

Innsiktspartner har praktisk tilnærming som balanserer KI si kraft med menneskeleg brukarinnsikt, forankring og verdibasert prioritering.

Vi har tre konsept:

Forrige
Forrige

Styrer du nettsidene dine i blinde?

Neste
Neste

Dette er strategisk innhaldsdesign